lørdag 30. juli 2011

Utenfor comfortsona

Jepp da....der kom det endelig sol. Alt for varmt å løpe egentlig. Venta til kl 22 om kvelden......alt for varmt men noterer meg 60 min løpetur. Pressa litt fart.....og jaggu e det litt fart i skrotten endå...nice

fredag 29. juli 2011

Oppsumering denne veka

Ingen løping denne veka...har rett og slett ikkje hatt lyst. Lyst må ein ha.
Men sykkel 10 km pr dag, lite men bevegelse. Samt 4 timers fjelltur....oppover.....kvifor er det så bratt overalt?

Lengter etter sol og sommer...nok regn.

fredag 22. juli 2011

Løpe litt i dag også

I dag blei det løpetur på dagtid.......noterer meg 50 min asfaltjogg......beina tåler det bra.

På mandag er det 2 måneder til Berlin maraton og eg må virkelig trene litt meir målrettet.....meir gjennomtenkt...meir lange turer...... veit not heilt kordan eg skal legge det opp.....kunne sikkert hørt med nokre som har erfaringen men eg ve løpe mitt eget løp. Gidder ikkje å komplisere det med ein heil masse råd og veiledning........det er mitt Maraton.....det er min kropp som ska te pers.....det er min psyke som skal testes......og då ve eg legge det opp slik at det funker for meg.

Å høyre på alle sine råd......som sikkert funker for andre.....vil ikkje nødvendigvis sei at det funker slik for meg også. Så eg velger å legge opp til mitt eget løp........ikkje fordi eg er sta og ikkje gidd å høyre på andre. Eg ve berre finne ut av det sjølv. Det fine med meg er at eg søker råd hvis eg trenger det.....hvis ikkje så løyser eg det sjølv på min måte. Eg skal jo ikkje vinne løpet....eg skal berre gjere det på min egen måte.

Og det som funker for andre funker nødvendigvis ikkje for meg...for me er alle ulike. Så eg sjanser og satser på at det funker.

Gjennomføre er målet.....og det skal eg klare.

torsdag 21. juli 2011

Har fått sansen for å løpe på natta......nesten

Back in Bergen ein tur, jobbe litt, ikkje tid til å løpe tidleg så då tar ein det på kvelden...sant ja?

Kl 23......fin temp.....lite folk og eg løper asfalt gatelangs......

Fin tur...noterer meg 1 times løpetur.........nice.

onsdag 20. juli 2011

Kor e solo?

Har nokon sett solo? Den e ihvertfall ikkje her. Eg veit for eg har sett etter den...og finn den not.

Men når ein liker å løpe så kan ein jo løpe til sola....ikkje sant? På med outfiten.....regnet høljet.....lot meg ikkje stoppe..........avgårde. 30 min jogg......inn i solariumet.......25 min grill........og 30 min jogg heim igjen. Så kombinert sol og trening i regnet.....det e jaggu not gale altso.

Ellers så er sommeren perfekt..........fordi eg har det knallbra........... bergen te helga......nokon som ve være med å løpe opp Ulriken.....og kanskje derifrå te Fløyen? Eller evt være med å teste løypa te løpet Fløyen opp? Gleder meg te fulle påmeldingslister.....for eg har jo berre spreke venner....ikkje sant?

Og noterer 10 km sykkeltur også.

Fjerner solarium bildet som absolutt ikkje er av meg....det var illustrasjonsfoto.............begynte å få litt tilbakemeldinger som eg ikkje ve ha her.

søndag 17. juli 2011

Liten tur før jobb

Det er alltid nice å få løpt litt dagen etter at ein har tatt seg litt ut på litt hardere løping..........så når ein våkner kl 06......jobben begynner først 07.30.....jepp då har ein jo tid til å løpe litt....ikkje sant?

Noterer meg 35 min løpetur....føttene er heilt fine.......

For eg har det så bra......Hardanger er ein fantastisk plass å være sumarsdagen...avslappende....nice nice

Bilde frå Kvasshovden motbakkeløp....her er smilet fortsatt framme.....

lørdag 16. juli 2011

Kvasshovden opp.......no har eg tippa over

Motbakkeløp....frå 1 til 1000 høgdemeter på 7,5 km......ka e det no eg har rota meg borti? Men steike det var moro.....eg har ikkje trena fart og ihvertfall ikkje løpt i motbakke på 1 år.........sånn ca. Men ein må jo delta på det som er. Og er ein i Ulvik så må ein jo kaste seg med når det er NM i motbakkeløp.

Utfordringen var at eg sku jobbe så måtte starte tidleg.......fordelen med å starte tidlig er at ein har mulighet til å bli først i mål.....og når eg var lita så var det den som var først i mål som vann løpet.......ergo eg hadde mulighet til å vinne mitt første NM på ein måte.....e du med? Utfordringen med å starte tidlig er at du må sette tempo sjølv...ingen rygger å holde....og ingen publikum.......men men moro lell.

Havregraut innpå.....og avgårde.....forsyninger gadd eg ikkje ta med....eg sku jo berre opp og ned igjen liksom......treng jo ikkje lage meir stress enn nødvendig. Eg satsa på rein viljestyrke i dag.... Oppvarming gløymte eg visst også......

Grådig moro....grådig tungt.....grådig fint vær.....grådig mykje folk...grådig god sjokoladekake etterpå....og eg var først i mål...når ein rekner/ser det på min måte....... :-)

Tid 1 time og 25 min........kan faktisk trekke vekk 5 min i byrjan.......før eg bestemte meg for å gje gass......så eg er fornøgd.....dette var eg ikkje trent for men dog.

Noterer meg også 9 km løpetur ned igjen....samt 10 km sykkeltur.

torsdag 14. juli 2011

Kort tur

Jaggu klarte eg å snike inn ein liten løpetur i kveld også. Hadde eg ikkje trudd når eg jobba til 22. Men noterer meg 10 km sykkel og 35 min løpetur.....bedre enn ingenting.

onsdag 13. juli 2011

Kvifor løper DU?

Må ein absolutt ha grunner til at ein gjer som ein gjer? Må alt forklares i hytt og dynevære? Det holder vel lenge at eg løper fordi eg løper vel.....uten noko spesiell grunn liksom. Av og til løper eg fordi eg føler for det....av og til fordi eg har ete maks usunt....av og til fordi det er så digg vær----men mest fordi eg koser meg med det......så eg gidd ikkje forklare meg lenger.....eg berre gjer ting som eg har lyst til.... rett og slett.

Noterer meg 18 km sykkeltur.......30 min gåtur.......65 min løpetur.......sjokolade....pepsi max og hyggelig selskap. Fantastisk dag....sol.....sommerkjole.......lovley...yes det er digg å leve.

tirsdag 12. juli 2011

Midnight løping....

I dag har eg forflytta meg 15 km med sykkel...det noteres som fysisk aktivitet. Ellers var planen lang løpetur.......det blei istaden lang tid med sosialt samvær........altså not etter planen.

Når eg ikkje gjer ting eg har planagt så høyrer eg kommentaren til bror min i det fjerne "har du ikkje sjølvdisiplin?".......den kommentaren gjelder sjokoladeinntaket mitt. For der går eg på smeller heile tida. Greia er at eg overfører den kommentaren til treningsplanen også.

Så kven entret treningsklærne kl 22.45? Yes da.....meg. Noterer meg 40 min løpetur i kveldingen. Slå den brodder. SJØLVDISIPLIN. I morgo ve eg ha lang tur altså.

mandag 11. juli 2011

Bane i Ulvik

Back in Hardanger. Etter seinvakt med påfølgende telefonvakt heile natta er det ikkje mykje rom for løping. Det er blitt seint på kvelden......mørkt i skogen og då kjem det jo TRÅLL fram....så der kan ein not løpe. Ein har telefonvakt så ein må være nær ein bil heile tida.

Men her i Ulvik har dei ei flott løpebane......der er ikkje for mørkt.....så TRÅLL kjem ikkje der......og bilen står like attmed....passer meg utmerket i kveld. Men løpe rundt og rundt er kjedelig.......nesten lik ein vond sirkel :-). Men 5 km var målet....eg løp 5,2 km........ Gleder meg til skau løpetur i morgo...det er meir moro.

lørdag 9. juli 2011

Vindusshopping

I dag var det virkelig mykje REGN.....e` da mulig? Eg drøya den lengst mulig før eg entra treningsklærne........og det var maks smart.......for på min 75 min løpetur så var det not regn. Løp gjennom Bergen sentrum.....fekk med meg alt frå Nygårdsparken, Johanneskirka, Torget, Bryggen, Lundgårdsvatnet, Gamle Hansa osv......turist i egen by.

Det nice med å løpe i sentrum er vindusshoppingen......eg tok det maks slow forbi alle sportsbutikker.....mykje nytt og flott å sjå. Løplabbet hadde jaggu mykje flotte farger på sko og klær.

fredag 8. juli 2011

Slow jågg etter nattevakt

Må ein så må ein.....ein kjem virkelig ut av rytme etter å jobbe om natta...me don`t like. Men ska ein holde seg i form så må ein trene litt også.....noterer meg 5 km løpetur.

I morgo får eg endelig tid tilå løpe igjen

Travle dager....ingen tid til trening...............men ein klarer vel alltids å lage plass til trening? Denne gongen har eg ikkje fått til det....men i morgo då skal eg endelig snøre på meg løpeskoene igjen....Nice

lørdag 2. juli 2011

Flatt batteri

Særlig smart å løpe på tur når ein har fått litt for lite mat i skrotten men da va jo så jysla flotte vær...kunne ikkje vente til ein hadde ete......men ein lærer jo heile tida....

Noterer meg 50 min løpetur i skauen....og 30 min gåtur når batteriet var totalt flatt.....

fredag 1. juli 2011

Bane

Blei ein løpetur på 5 km på bane.....not veldig langt men litt keisamt å løpe runde på runde åleine.
Uansett kjekt å ha ein avveksling til asfalt ihvertfall.