tirsdag 30. juli 2013

Intervaller.....

.....e jaggu lenge sidan eg he løpt.

Oppvarming ...3 km a 19 min (eldre kropper må ta det litt rolig).

Av og til liker eg å løpe i "smug". ...då blir det som regel her.


"Bergenserne påstår at alle har klina på ein benk i Fjellveien.......sikkert derfor det er satt ut sånne mengder med benker.....heilt tomt i dag og...viser vel berre at Bergenserene er størst i kjeften og dårligest i handling".





Har som sagt ikkje løpt hurtig på over 1 mnd så ville starte forsiktig  Det blei 10x2 min......ikkje flatt.. både oppover og nedoverbakke....veksla mellom grus og asfalt.....svinger ..porter og tunell.....målet var litt meir fart.

Klarte å gjennomføre og fart varierte frå 12,9-20 blank.....det var moro.


I tunellen traff eg denne.....



 smakte digg med is etter 1 km nedjogg....spesiellt for meg som ikkje liker is.






søndag 28. juli 2013

Sjå maling tørke........

.......eller løpe ein tur? Det var dagens spørsmål. Regn i bøtter og spann...... ein kviledag frå løpingen hadde ikkje gjort noko skade.

Eg valgte å sjå maling tørke......


Dårlig humor......for i dag ville eg gjerne løpe litt.......blei 35 min tur....beina e grådig fine.....ingen problems at all....digg.

lørdag 27. juli 2013

Treningsgleden e.....

......definitivt tebake ......herlig.....joho....me like. Atter ein alt for varm dag for løping....men noterer meg 70 min økt. Berre positive tanker. Etterpå blei det fortjent is.....eg eter jaggu mykje is for å ikkje like det. Nyte nyte sommeren.

fredag 26. juli 2013

Varmt....

....

Egentlig alt for varmt for løping. Vurderte å løpe i byfjella (Ulriken-Fløyen-Rundemann) mensliter med å motivere meg te å løpe opp der .. .ekkje så glad i dei områda så valgte heller 1 time nesten berre asfalt.....drømmer meg tebake te Finse


torsdag 25. juli 2013

Dagens trimtur......

......blei Rallarvegen med min bror. Ingenting e som å suse ned te Flåm frå Finse i strålende sol.












La ut ett veldig anonymt bilde av min bror...for eg har ikkje spurt om lov endå.







onsdag 24. juli 2013

Grådig varmt....

....men kom meg gjennom 55 min rolig løpetur....fortsatt tungt så ingen intervaller denne veka.

tirsdag 23. juli 2013

Morgonjogg.....

.....det går såvidt på fram...noterer 40 min. Og 40 min løpetur med veninne på ettermiddagen.

mandag 22. juli 2013

Nydelig.....

....i sola for tida. Løpeturen lør 45 min...today 55 min....it's going slow.....men det er heilt greit.

torsdag 18. juli 2013

Mål.....

......halvmaraton i september. 2 mnd oppkjøring ska gå. Fått løpt litt.....tirs 1 time tors 1 time......glede meg til løping nesten kvar dag igjen. Det går slow og det er greit.

lørdag 13. juli 2013

Når ein våkner av ein innbruddstjuv i stova . .

.......så kan ein jo likså godt ta morgenjoggen med ein gong. Vurderte å løpe etter han å gje han ei intervalløkt men droppa det. "Je e forbanna".

torsdag 11. juli 2013

tirsdag 9. juli 2013

Av og til så berre ramler ein så gale bakpå....

........men i motgang så handler det om å reise seg igjen........men denne gongen har det vert seigt.....det må innrømmes. Formen stinker og beina hinker. Men keep on running......sånn er det berre. Eg he planer om ett moro løp i sommer så då må skoa knyttes på igjen. Life must go on. Så i morgo løper eg igjen....

tirsdag 2. juli 2013

Nei no får det være nok......

...........å ligge på sofaen. Eg lager herved ein avtale med meg sjølv om at i morgo e eg i gang med løpingen igjen.....ska bli digg.